Herøy Kystcamp
6094 Leinøy
  Tlf: +47 70086700
Fax: +47 70084041
  Tlf (priv): +47 70086681
e-mail:post@kystcamp.no
 
               
  Framside
Hus og hytter
Båtliv og fiske
Camping
Utflukter
Nærområdet
Aktivitetar
Vertskapet
Bildearkiv
Linkar
Booking
 
Hus og Hytter
Hyttene Rorbuda  
 
Hyttene
Vi har to romslege tømmerhytter på 60m2 som ligg like ved sjøkanten. Hyttene er like. Dei har to soverom med to frittståande senger, stove med dobbel sovesofa og TV. Kjøkenet er eige rom med alt nødvendig utstyr også oppvaskmaskin. Badet har dusjkabinett og WC. Begge hyttene har eigen terasse med møblar medan ein stor uteplass med grill er felles. Ein felles djupfrysar står i "uterom" mellom hyttene. Til kvar hytte høyrer det ein 15 fots båt med 5 Hk påhengsmotor. Større båt kan leigast mot ekstra betaling
 


Eine delen av stova med dobbel sovesofa - her er også TV


Kjøkkenet m alt vanleg kjøkkenutstyr - også oppvaskmaskin


Eit av dei to soveroma - begge har kleskap - eit har også vask og spegel
 
 
Rorbuda
Dette er ei gamal sjøbud som vi har restaurert. I 2. etasje har vi innreidd ei leiligheit på ca. 60m2. Her er 2 soverom med køysengar, eit fellesrom med stort solid furubord og eigen TV-krok, eit lite kjøkkenrom med alt nødvendig utstyr, eit toalettrom med dusjkabinett og WC ,pluss eit ekstra WC-rom. Frå fellesromet er det utgang til stor veranda og panoramautsikt over fjorden mot havet. I 3. etasje er der eit stort soverom med to frittståande sengar - rorbuda har 6 soveplassar totalt. Delevis renovert i 2007.

I 1. etasje er det resepsjon/kiosk, sanitæranlegg for campingplassen , vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel og felles opphaldsrom med TV. Dette romet er også eit lite privat maritimt museum.
 


Rorbuda


Opphaldsromet med gamalt maritimt utstyr.


I eit lite tilbygg på kaia er det stelleplass for fisk.
 
 
 
 
 
     
     
© Webmaster Jan Sundnes
 
Bo i hytte, rorbu, campingvogn eller telt og nyt fiskeferie i Norge – havfiske ved fugleøya Runde eller fjordfiske her på vestlandet.