Herøy Kystcamp er eit ideelt utgangspunkt for mangt anna enn fiske. Du kan spasere eller sykle kilometevis på gang og sykkelveg, rusle rett ut i terrenget og opp på fjellet med utsikt frå det endelause storhavet i vest til Sunnmørsalpane i aust.
Med bil tek det knapt 10 min. å kome til fugleøya Runde. Om du vil spandere dagen kan du lett besøke kjende turistmål som Ålesund, Geiranger, Briksdalsbreen eller Vestkapp med Selje kloster.
Lundefugl frå Runde
Jugend-stil i Ålesund
Akvariet i Ålesund
Herøy Gard, det historiske senteret i kommunen, ligg også berre 10 min. biltur unna. Her kan du oppleve historisk sus på museet, eller rusle rundt på fredlege turstiar. Første helga i juli går det kjende Herøyspelet av stabelen på utescena her.
Bilde frå "Kongens ring"
Bilde frå "Kongens ring"
Men kanskje er du meir interessert i terrenget under havflata - då skal du ikkje langt avgarde før du finn spennande tareskogar og kanskje gamle vrak.
Og borna, ja, dei finn ofte det mest spennande mellom tang, tare og stein i fjøremålet, men kanskje vil dei heller leike i sandkassa eller ”segle avgarde” i den gamle båten som står på land?
Om kvelden kan det vere kjekt for alle å samlast rundt bålplassen eller den store grillen.